Skip to the content

Ansatte

Helga Farestveit

  • Utøvande musikk, klassisk sang, bachelor ved UiA
  • Studerer i dag utøvande musikk, klassisk sang, master ved UiA

Eg byrja i kulturskulen i Sogn då eg var 7 år, i kor og seinare med individuelle songtimar. 
Å vere ein del av eit miljø frå ung alder der eg fekk dele mi interesse og glede for musikk gav meg mykje. 
Eg møtte i kulturskulen lærarar eg kunne sjå opp til, som hadde lidenskap for song og musikk, som var dedikert i sitt arbeid. 
Kulturskulen har betydd stort for mi utvikling, musikalsk og personleg. Difor finn eg ei drivande, indre glede med songundervisning. 
Meistring og glede er fokus mi undervisning. Eg ynskjer å bidra til at eleven ser og opplever kor meiningsfylt musikken er i  livet.